Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Sjukepleiar
I heimetenesta sone 5 er det ledig 100 % vikariat som sjukepleiar. Moglegheit for fast tilsetjing.
Stillingsnummer 10/1195
Stillinga inneber arbeid i turnus med kveldsarbeid og kvar tredje helg.
Me ynskjer å tilsetja ein person som er ansvarsbevisst, og som kan ivareta brukarane på ein god måte.
Likeins vert det vektlagd at du er fleksibel og har gode samarbeidsevne.
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å venda dykk til soneleiar Christer Pedersen på tlf.56 51 46 40/ e-post christer.pedersen@voss.kommune.no.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Vi oppmodar søkjarar til å nytta elektronisk søknadsskjema som de finn på kommunen sine nettstad: www.voss.kommune.no . Kopi av vitnemål, attestar, og referansar tas med på intervju.
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Søknad kan og sendast til Voss kommune, boks 145, 5701 Voss.
Søknadsfrist 10. september
Søknadsfrist:
09/10/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
