Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Fagarbeidar/assistent , Gullfjordungen skule, vikariat omlag 60% stilling
Det er ledig eit vikariat, 60% stilling som fagarbeidar /assistent ved Gullfjordungen skule frå 1.10.10
Stillingsnummer 10/1205
Arbeidsoppgåvene er lagt til skulefritidsordninga, fysisk aktivitet, leksehjelp og skulen.
Det vert lagt vekt på fagleg engasjement, fleksibilitet og samarbeidsevne.
Vi ynskjer unge søkjarar som likar å vere fysisk aktive.
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår..
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkja. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk.
Godkjend politiattest må leggjast fram ved tiltreding i stillinga.
I tillegg til at Voss har eit rikt kulturliv, er sentralt plassert ved Bergensbanen og har flott natur, kan kommunen tilby rabattar for tilsette på ein del trenings- og fritidstilbod.
Har du spørsmål til stillinga, kontakt rektor Inger Bystøl Klette på telefon 56514702 eller mobil 91874207, e-post: inger.b.klette@voss.kommune.no.
Vi oppfordrar deg til og nytta elektronisk søknadsskjema.
Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast Voss kommune, Pb.145, 5701
Søknadsfrist 06.09.10
Søknadsfrist:
09/06/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
