Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

Lærar, 100 % stilling

Mellombels stilling for skuleåret 2010/2011 ved Skulestad skule. Oppstart 16.august.

Stillingsnummer 10/1095

Sentrale arbeidsoppgåver:

Opplæring av barn med særlege behov.

Krav til søkjaren:

Gode samarbeidsevner, personlege eigenskapar og/eller røynsle frå liknande arbeid blir vektlagt ved tilsetjing.

Fagleg kompetanse:

Vi ynskjer søkjarar med fylgjande kompetanse:

Lærar med spesialpedagogisk utdanning eller anna tilsvarande utdanning/erfaring.

Vi tilbyr :

løn etter tariff

tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Nærmare opplysningar om den/dei som skal handsama søknaden:

Inspektør ved Skulestad skule Alida Reidun Djuve, e-post alida.r.djuve@voss.kommune.no, telefon 56514720 eller kommunalsjef Else Berit Kyte, e-post else.berit.kyte@voss.kommune.no telefon 99207109.

Vi oppfordrar deg til nytta elektronisk søknadsskjema.

Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.

Søknadsfrist 12. august 2010.

Søknadsfrist:

08/12/2010

Nyttige linkar:

voss kommune

Send søknad til:

Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema


Kontaktperson:

kontaktperson er nemd i annonsane