Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Vossestrand Omsorgstun\Vossestrand Sone
Ei fast stilling som sjukepleiar i 80.6 % frå 1. sept.2010.
Stillingsnummer 10/920
Eit vikariat for sjukepleiar i 85,5 % stilling, for eit år frå og med 1. sept. 2010.
Stillingsnummer 10/921
I tillegg er det ledig 3 helgestillingar på 11.5 % kvar. Helsefagarbeidarar vert føretrekte, men elles er studentar og elevar velkomne til å søkja.
Stillingsnummer 10/923
Alle stillingane har turnus og arbeid kvar 3.helg og i stillingane ligg tenester både ved institusjonen og i heimetenestene.
Vi kan tilby arbeid ved ein ny, flott og tidsmessig institusjon.
Vi har eit godt og hyggeleg kollegafellesskap, gode opplæringsrutinar og planlagde aktivitetar både for våre pensjonærar og for personalet.
Nærare opplysningar vil du få soneleiar Ruth Døskeland Thaule, tlf. 56529060.
Tilsetjing etter vanlege lover, reglar og tariffavtale.
Vi oppfordrar deg til nytta elektonisk søknadskjema.
Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.
Søknadsfrist vert sett til 15.08.2010.
Søknadsfrist:
08/15/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
