Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

Vossestrand Omsorgstun/Vossestrand Sone

Fast stilling som sjukepleiar i 80 % frå snarast

Stillingsnummer 10/920

Vikariat for sjukepleiar i 85,5 % stilling for eit år frå snarast.

Stillingsnummer 10/921

Alle stillingane har turnus og arbeid kvar 3. helg og i stillingane ligg tenester både ved institusjonen og i heimetenestene.

Vi kan tilby arbeid ved ein ny, flott og tidsmessig institusjon. Vi har eit godt og hyggeleg kollegafellesskap, gode opplæringsrutinar og planlagde aktivitetar både for våre pensjonærar og for personalet.

Nærare opplysningar vil du få soneleiar Ruth Døskeland Thaule, telefon 56529060.

Tilsetjing etter vanlege lover, reglar og tariffavtale.

Vi oppfordrar deg til nytta elektonisk søknadskjema. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.

Søknadsfrist vert sett til 17.09.2010.

Søknadsfrist:

10/17/2010

Nyttige linkar:

voss kommune

Send søknad til:

Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema


Kontaktperson:

kontaktperson er nemd i annonsane