Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Miljøarbeidar vikariat 100% ved/ Liahagen Arbeids -og aktivitetssenter
Tidsrom: frå snarast og i eitt år.
Liahagen arbeids -og aktivitetssenter er eit kommunalt dagsenter for mennesker med psykisk utviklingshemming med plass til 12 brukarar. Liahagen er organisert i sosialavdelinga i Voss kommune. Totalt 10 årsverk.
Stillingsnummer 10/1160
Mål:
- Gi brukarane av dagsenteret ein meiningsfull kvardag. Der tilbodet vert tilpassa den enkelte sine behov.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktansvar
- Deltaking i dagsenteret sine ulike aktivitetar
- Samarbeid mellom heim, dagtilbod, skule og pårørande
Fagleg kompetanse:
- Vi ynskjer primært søkjarar med fylgjande kompetanse:
- Primært hjelpepleiar i vernepleie, eller omsorgsarbeidar/hjelpepleiar
Vi tilbyr :
- lønn i tråd med gjeldande tariffavtale
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Arbeidstid 37,5 t/veke.
Nærare opplysning om stillinga:
- Steinar Solstad
- 56 51 46 70, e-post: steinar.solstad@voss.kommune.no
Vi oppfordrar deg til å nytta elektonisk søknadskjema. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.
Søknadsfrist : 10. september 2010
Søknadsfrist:
09/10/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
