Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Nattevakt i Bjørgamarka bufellesskap
Stillingsnr. 10/548
Ein har 62 % stilling, men er betalt som 39,2 % pga passiv tid på natt.
Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav
Bjørgamarka er bustad for psykisk utviklingshemma. Bufellesskapet har 4 brukarar, og er døgnbemanna.
Me ynskjer å tilsetja personar som er ansvarsbevisst, og som kan ivareta brukarane på ein god måte.
Likeins vert det vektlagd at ein er fleksibel og har gode samarbeidsevne.
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Ved tilsetjing må politiattest framleggjast.
Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å venda dykk til gruppeleiar Turid Rong Hosås på tlf. 95262046/e-post Turid.Rong.Hosas@voss.kommune.no
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Vi oppmodar søkjarar til å nytta elektronisk søknadsskjema som de finn på kommunen sine nettstad: www.voss.kommune.no . Kopi av vitnemål, attestar, og referansar tas med på intervju.
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Søknad kan og sendast til Voss kommune, boks 145, 5701 Voss.
Søknadsfrist 18. august
Søknadsfrist:
08/18/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
