Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Ledige stillingar i sone 2
Lekvebakken bufellesskap
Stillingsnummer 10/1086
100 % still. for vernepleiar, vikariat i Lekvebakken bufellesskap frå 01.09.2010-1.09.2011 stillinga går i langturnus med intensive arbeidsperiodar og lange friperiodar
Krav til søkjaren:
• Bachelor i vernepleie, andre med relevant helsefagleg utdanning kan og søkja. Me ynskjer ein person med erfaring frå arbeid med funksjonshemma. Du må vera sjølvstendig, god på samarbeid og ha kunnskap om ulike metodar i målretta miljøarbeid. Du bør ha noko datakunnskapar og det er ynskjeleg med erfaring frå personalarbeid.
Stillingsnummer 10/1087
20 % still. for helsefagarbeidar på natt frå snarast. Deler av stilling er passiv vakt. ( kan passa for studentar)
Lekvebakken avlastningsheim
Stillingsnummer 10/1088
79 % still. vikariat for vernepleiar evt. fagarbeidar, eller tilsvarande helsefagleg utdanning . Tilsetjing frå snarast til 01.08.2011. 24,2 % av stilling er i heimesjukepleien
Stillingsnummer 10/1089
61,2 % still. for fagarbeidar eller tilsvarande helsefagleg utdanning
Krav til søkjaren:
• Bachelor i vernepleie, andre med relevant helsefagleg utdanning kan og søkja. Me ynskjer ein person med erfaring frå arbeid med funksjonshemma. Du må vera sjølvstendig, god på samarbeid og ha kunnskap om ulike metodar i målretta miljøarbeid. Du bør ha noko datakunnskapar og det er ynskjeleg med erfaring frå personalarbeid.
• hjelpepleiar/omsorgsarbeidar eller anna utdanning innan helse og omsorg eller pedagogiske fag. Me ynskjer personar med erfaring eller spesiell interesse for å arbeide med funksjonshemma. Du må vera omsorgsfull, sjølvstendig og god på samarbeid .
Stillingsnummer 10/1090
63,5 % still. og 40 % still. for fagarbeidar innan helse og omsorg eller pedagogiske fag. Stillinga er knytt til prosjekt for å gi eit heilskapleg tilbod til born med omfattande behov. Tilsetjing snarast fram til 01.08.2011.
Krav til søkjaren:
• hjelpepleiar/omsorgsarbeidar eller anna utdanning innan helse og omsorg eller pedagogiske fag. Me ynskjer personar med erfaring eller spesiell interesse for å arbeide med funksjonshemma. Du må vera omsorgsfull, sjølvstendig og god på samarbeid .
• Stillingane er knytt til eit avlastningstiltak, samt skule og sfo tilbod til 2 brukarar. avlastningstiltaket gir tenester til 21 brukarar med ulik grad av hjelpebehov. Me har hovudfokus på aktivitet og legg stor vekt på å skapa eit heimleg miljø med rom for individuelle behov.
For nærare opplysningar om stillingane kan du henvenda deg til Gullborg Osgjerd Rekve, soneleiar tlf. 56514620/ 99207116 e-post : gullborg.rekve@voss.kommune.no
Vi oppfordrar deg til nytta elektonisk søknadskjema.
Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.
Søknadsfrist 07.08.2010
Søknadsfrist:
08/07/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
