Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og
skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for
sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.
Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det
ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall,
kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det
eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske
om spennings- og aktivitetsnivå.
Rektor ved Gullfjordungen skule 100 % Fast Stilling
Stillingsnummer 10/1061
Rektor ved Gullfjordungen skule
Til stillinga som rektor ligg ansvaret for det pedagogiske, økonomi, administrasjon og for personalet ved verksemda. Rektor rapporterer til kommunalsjef.
Søkjarar til stilling må ha pedagogisk kompetanse og gode leiar erfaringar og elles vera motivert for stillinga. Leiar må ha visjonar om leiing av ein god skule, ha evne til å inspirera, leia og arbeida målretta og systematisk.
Vi har nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte, og i samarbeidsgrupper mellom leiarar.
Vi kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gjev rom for fagleg og personleg utvikling.
Vi ønskjer ein rektor med gode leiareigenskapar, gode samarbeidsevne og som ser pedagogisk utviklingsarbeid som ei utfordring. Leiar må aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for elevar og tilsette.
Fagleg kompetanse:
Søkjarane må ha
• Pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar
Vi tilbyr :
· Eit godt og ope fagleg og sosialt miljø
· Gode vilkår for personleg og fagleg utvikling
· God pensjonsordning
· Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
· Lønn etter avtale
Stillingskode 7951
Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:
Kommunalsjef Else Berit Kyte, else.berit.kyte@voss.kommune.no telefon 992 07109
Vi oppfordrar deg til nytta elektronisk søknadsskjema.
Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten. Alternativt kan søknad med vedlegg sendast til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.
Søknadsfrist 01.08.2010
Søknadsfrist:
08/01/2010
Nyttige linkar:
Send søknad til:
Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson:
kontaktperson er nemd i annonsane
