Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

Helsefagarbeidar, 80 % fast stilling

Turnus med arbeid kvar 3. helg, ledig frå d.d. ved Vetleflaten omsorgsbustader 1. etg.

Stilllingsnummer 11/1028

Vetleflaten omsorgsbustader ligg organisatorisk under sone 4 i heimesjukepleien. Omsorgsbustadane er heildøgnsbemanna, og er heimen til 8 brukarar med varierande alder. Dei har ulike diagnosar, utfordringar og tilretteleggjingsbehov i kvardagen.

Arbeidsmiljøet er prega av engasjerte tilsette, og me ynskjer no ein ny kollega velkomen på laget.

Sentrale arbeidsoppgåver:

•Tilretteleggjing og hjelp til brukaren i samarbeid, i dagleglivet.

Krav til søkjaren:

•Interesse kring jobb i omsorgsbustad.

•Evne til å kunne jobbe mykje av tida med «hendene på ryggen».

•Erfaring/interesse innanfor eldreomsorgen og psykisk utviklingshemmede.

Fagleg kompetanse:

•Autorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.

Me tilbyr:

•Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver

•Ein arbeidsplass med fokus på eit godt arbeidsmiljø

•Tverrfagleg samarbeid

•Løn etter tariff

•Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Du blir oppmoda om å nytta elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist: 06.02.12

For spørsmål, ta kontakt med gruppeleiar Solveig Uppsata Rene, telefon 56531280, eller soneleiar Ida Marie Arntsen, telefon 56514635.

Søknadsfrist:

02/06/2012

Nyttige linkar:

voss kommune

Send søknad til:

Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema


Kontaktperson:

kontaktperson er nemd i annonsane