Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

Reinhaldar /assistent ved Gullfjordungen skule

Det er ledig stilling som reinhaldar frå 10.04.12. Stillinga er på 3,75 t/dg, 47,88 % stilling. Stillinga har eit avkorta arbeidsår, og stillingsprosenten er difor gjennomsnittsrekna på årsbasis.

Morgonreinhald etter avtale med rektor. Det er mogeleg at stillinga kan knytast til assistentarbeid i SFO med inntil 10 t/v, 23,08 % stilling. Totalt vert då stillinga 70,96 %.

Stillingsnummer 12/161

Krav til søkjaren:

•Fleksibilitet, gode samarbeidsevne, positivitet og evne til å ta ansvar er kvalifikasjonar som vert vektlagde ved tilsetjing. I tillegg er det ynskjeleg med gode norsk kunnskapar.

Vi tilbyrløn etter tariff:

•Stillingskode 7210 Reinhaldar, årsløn frå kr. 246.800,- til kr. 323.000,-.

•Stillingskode 7517 Fagarbeidar, årsløn f.t. frå kr. 286.200,- til kr. 342.300,- etter utrekna lønsansiennitet.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Nærmare opplysningar kan ein få ved å venda seg til rektor Anne Kvalnes, telelfon 56514700 / 91874207 eller e-post anne.kvalnes@voss.kommune.no eller Ingrid Ness Hansen, Pedagogisk tenstekontor, telefon 56519548.

Vi oppfordrar deg til nytta elektronisk søknadsskjema.

Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.

Søknadsfrist 10.02.12

Søknadsfrist:

02/10/2012

Nyttige linkar:

voss kommune

Send søknad til:

Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema


Kontaktperson:

kontaktperson er nemd i annonsane