Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Voss kommune, med om lag 14 000 innbyggjarar, er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Her er gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest. Reisetida til Bergen er ca. 1 time.

Voss er også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. I tillegg er det ulike industribedrifter, sjukehus og mange bedrifter innan reiseliv på Voss. Voss har også mange idrettsanlegg, blant anna 2 store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod og aktivitetar for folk i alle aldrar med ulike ønske om spennings- og aktivitetsnivå.

Reinhaldar - Bolstad skule og barnehage

Det er ledig stilling som reinhaldar ved Bolstad skule og barnehage frå 10.04.12. Stillinga er på 3,5 t/dg, 44,69 % stilling.

Stillingsnummer 12/160

Stillinga har eit avkorta arbeidsår og stillingsprosenten er difor gjennomsnittsrekna på årsbasis.

Det er mogeleg å dela stillinga på to personar om det høver best slik.

Sentrale arbeidsoppgåver:

•Reinhald i skulen og barnehagen sine lokale

Krav til søkjaren:

•Godt humør og gode samarbeidsevner. Samt innvolvera seg og samtala med born og vaksne på arbeidsplassen.

Vi tilbyr løn etter tariff:

•Stillingskode 7210 Reinhaldar , årsløn frå kr 246.800,- til kr 323.000,-

•Stillingskode 7517 Fagarbeidar, årsløn f.t. frå kr. 286.200,- til kr 342.300,- etter utrekna lønsansiennitet.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Nærmare opplysningar kan ein få ved å venda seg til Svein Mykkeltvedt, telefon 56521171 / 99207197, rektor Bolstad barnehage og skule eller Ingrid Ness Hansen, Pedagogisk tenestekontor, telefon 56519548.

Vi oppfordrar deg til nytta elektronisk søknadsskjema.

Kopi av attestar og vitnemål må sendast i posten til Voss kommune, Pb. 145, 5701 VOSS.

Søknadsfrist 10.02.12

Søknadsfrist:

02/10/2012

Nyttige linkar:

voss kommune

Send søknad til:

Voss Kommune
Boks 145
5700 Voss
Elektronisk søknadsskjema


Kontaktperson:

kontaktperson er nemd i annonsane