Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Fritid og kulturliv på Voss

Vossameny på Lønahorgi 
Foto: Arnstein Karlsen


Festivalar, reiseliv, den sentrale plasseringa på Vestlandet, naturen og landskapet og eit mangfald lokale organisasjonar innan kultur og idrett, gir dei fastbuande på Voss eit omfattande og variert fritidstilbod både sommar og vinter.

Utfyllande informasjon om aktivitetar og opplevingar på Voss på den offisielle reiselivsportalen for Voss:  www.visitvoss.no

Sommar
Naturen og landskapet legg grunnlaget for mykje av fritidstilbodet og eit aktivt friluftliv på Voss. Vossafjella inviterer mellom anna til ...
  • fjellturar og lettare fotturar på dei mange stølsvegane
  • sykkelturar  (Rallarvegen sluttar på Voss)
  • jakt og fiske
  • bærplukking om hausten
Mange av aktivitetane ein kan oppleva som del av reiselivstilbodet har vakse fram grunna lidenskapen til entusiastar som bur på Voss. I bygda finn du mellom anna aktivitetstilbod med utspring ifrå ulike miljø innan ekstremsportsgreiner slik som fallskjermhopping, paragliding, rafting, elvepadling og elvesport.

Vinter
Voss har to alpinanlegg. Voss Resort ligg nær sentrum og Voss Fjellandsby ligg i Myrkdalen ca. 25 km frå sentrum.

Kulturliv og festival
Kulturlivet på Voss er mangfaldig og er til dels bygd på tradisjon, bunad og hardingfele, men her finst og andre kulturformer som jazzklubb, kunstgalleri og symfoniorkester. Ein må heller ikkje gløyma dei mange ulike festivalane som bygda er kjent for:
Bergen
"Storbyen" ligg berre ein times tid unna. Busette på Voss kan dermed velja ein meir urban livsstil om dei vil, eller dei kan føretrekkja den meir landlege stilen. Mange nyttar sjølvsagt fridomen til å velja litt av begge delar.