Voss - Ekte opplevingar med høg puls

Handletilbodet på Voss

Voss er eit regionsenter for indre Hordaland. Vossevangen  har butikkar i dei fleste bransjar og ei rekkje serveringsstader.

I sentrum av Voss finn du handlegata Vangsgata med ei rekkje butikkar av ulike slag, til dømes klesbutikkar, gull- og sølvsmed, sportsbutikkar og matvarebutikkar. Følgjer du Uttrågata, som ligg parallelt med Vangsgata, gjennom lyskrysset og i retning aust over Langebrua, kjem du til kjøpesenteret Amfi som saman med Vangen utgjer eit allsidig handletilbod i sentrumsområdet.

Skulle ein ha trong for eit endå større utval av butikkar, så ligg Bergen berre ein god times tid frå Voss med tog eller bil.


Eksterne linkar