Voss - Ekte opplevingar med høg puls
Kart og geografi
Voss på Vestlandskartet
Voss er eit trafikknutepunkt på Vestlandet. Det er enkelt å koma til Voss med bil, tog og buss. Bygda vår ligg ca. 100 km frå Bergen på stamvegen (E16) mellom Bergen og Oslo og innlandsruta Rv 13 nord-sør, og er ein viktig stoppestad for ekspressbussar og rutebussar i regionen. Jernbanestasjonen på Voss er den nærmaste ikkje berre for vossingane, men og for dei næraste hardangerkommunane og Vik i Sogn.
Landskapet og busetnad
To tredjedelar av arealet i kommunen ligg høgare enn 600 meter over havet. Skogen dekkjer 1/6 av arealet medan berre ein 1/30 er dyrka areal. Voss sentrum ligg på ca 50 m.o.h. Ut frå sentrum går det dalføre i alle retningar og ein finn busetnad på over 500 m.o.h. Det kan såleis vera store klimavariasjonar for dei ulike grendene.
Folketalet var pr. 1. januar 2007 på 13 786. Over halvparten er busette i sentrum eller sentrumsnært område.
Geografi
Vossabygda har sitt senter på Vossevangen. I dei mange dalføra som er tilknytt "Vangen" ligg ei rekkje større grender. Nokre av desse er:
|
* Bolstadøyri - Evanger - Bulken
|
(Langs E16, vest for Voss sentrum)
|
|
* Vossestrand
- Myrkdalen - Oppheim og Stalheim |
(Langs Rv13, nord for Voss sentrum) (Langs E16, nord-aust for Voss sentrum) |
|
* Mjølfjell
|
(Langs Bergensbanen, aust for Voss
sentrum)
|
|
* Bjørgum
|
(Langs Rv 13, sør for Voss sentrum)
|
|
* Bordalen
|
(Sør for Voss sentrum) |
Kart
For detaljkart over Voss, gå til Vossakart.no. Dette er ein kartteneste levert av Voss kommune. Her kan du zoome inn og ut på kartet og gjere ulike temabaserte søk (t.d. skular, fiske).
Meir informasjon
- Om areal, geografi og klima på Voss.
- Miljøinformasjon om Voss.
