Voss - Ekte opplevingar med høg puls


Ein time frå Bergen:
VOSS -  OL Bygda*

Ein kan trygt seie at på Voss set innbyggjarane pris på at bygda ligg så ideelt plassert:

Til dømes, når dei fastbuande i bygda ikkje er på jobb, då nyttar dei gjerne naturen og landskapet i Vossaområdet for alt det er verd, om det no er på høgfjellet, på elva, i fjellveggen, i lufta, på vatnet, i skogen eller på verandaen. Andre engasjerer seg kanskje i ein av dei om lag 500 frivillige organisasjonane som finst her i bygda. For andre igjen er det kanskje det urbane livet som kallar, og berre ein god time unna kan me ta oss ein kveld eller dag i "havnebyen vår" - Bergen.

Voss har knapt 14 000 innbyggjarar, og bygda er eit regionsenter og trafikknutepunkt i indre Hordaland.


* På Voss betyr uttrykket "OL-bygd" talet på OL-medaljar og ikkje arrangørstad. Med knapt 14 000 innbyggjarar kan Voss visa til heile 19 olympiske medaljar innan vintersportsgreinene!


Intro om Voss kommune
Voss kommune har knapt 14 000 innbyggjarar og er eit kommunikasjons- og skulesenter i indre Hordaland med eit aktivt kulturliv. Kommunen har ca. 1 200 tilsette fordelt på om lag 800 årsverk.

Voss er eit knutepunkt på stamvegen aust - vest. Reisetida til Bergen er ca. 1,5 timar. Voss har godt togsamband til Oslo og Bergen. Det tek i overkant av fem timar til Oslo og vel ein time til Bergen. Med bil brukar ein ca. 30 minuttar til Hardangerfjorden og knapt ein time til Sognefjorden.

Voss har eit rikt utval av butikkar og verksemder innan tenesteyting av ulike slag. Såleis er Voss også eit handelssentrum for kommunar i nærleiken. Dessutan er det mange industri- og reiselivsverksemder på Voss. Voss har og sjukehus, mange vidaregåande skular og høgskuletilbod.

På Voss er det gode vilkår for sport og friluftsliv både sommar og vinter. Kommunen har mange idrettsanlegg, blant anna to store alpinanlegg, idrettshall, kunstgrasbanar, golfbane og flyplass med luftsportsaktivitetar. Generelt er det eit rikt utval av tilbod for folk i alle aldrar med ulike ønske om spenning og aktivitetar.


Voss Fjellandsby - Skiglede 
Foto: Voss Fjellandsby
Fjellridning 
Foto: Voss Fjellhest og Engjaland Gard
Tog 
Foto: Svein Ulvund
Tandem Fallskjerm 
Foto: Steve Newman